Dette er turboka

for heile familien

 

* 432 sider

* 670 fargefoto

* Foto som viser innsteget

til turane.

* Kart og flyfoto med

innteikna rutestrekar

* Mange turruter

* Mange opplevingar

* Båtturar

* Turar med utgangspunkt

frå bil

 

 

Helsing KYSTTUR AS

 

 

Frå tare til topp

Frå tare til topp er boka som gir deg tips om turar og opplevingarSørøyane Sunnmøre. Øyane ligg som perler mellom Stad og Runde. I fleire år har vi hatt stor glede av dei, og gong på gong har vi blitt overraska over kor flott det er i området mellom hav og land.

 

Det fine der ute i havranda, er at ein ikkje treng å gå krevjande turar for å få panoramautsikt. Ein kan trygt slå fast at dette er turar som passar for heile familien.

 

Ønsket vårt er at fleire skal få sjansen til å gle seg over turane og opplevingane på Sørøyane.

 

For dei som jaktar på sjeldne turar, så tilrår vi både Riste og Skorpa. Ikkje berre på grunn av vanskeleg tilkomst og flotte fjelltoppar, men like mykje på grunn av villsauene, villgeitene og ørnene som gir ein god smak av villmark.

 

Med venleg helsing

Frode Sætre og Tore Aarflot

 

 

 

 

Stadane og øyane vi har tatt med er:

Larsnes, Kvamsøya, Haugsholmen, Storholmen, Riste, Sandsøya, Voksa, Flatøya, Flåvær, Nerlandsøya, Skorpa, Svinøya, Fosnavåg, Bergsøya, Leinøya, Herøy, Remøya og Runde.